Nytt skifertak på Ranes kyrkje!


 

Fredag 18.november starta Oppdalsfirmaet Norheim Natursten AS arbeidet med å bytte ut takstein og reparere råteskade på Ranes kyrkje. 

Det har i lengre tid ramla ned lause takstein på østsida av kyrkja, grunnen er opprusta spiker og råteskadde lekter. Hausten 2021 vart eit område rundt kyrkja sperra av grunna sikkerheitsomsyn, noko som har vore til sorg og frustrasjon for berørde partar. 

Men, no er arbeidet altså igangsett og vil trulig vere klart i god tid før jul.

Fellesrådet vil rette ein stor takk til Surnadal kommune som gjer det mogleg med nødvendig reparasjon av eit gamalt bygg!

Framsidefoto: Vidar W. Rygh

Tilbake