Sommarleir for barn i Rindal og Surnadal


Dagsleirar 7.-11. august på kyrkjelydshuset i Surnadal

7. – 11. august (veke 32) inviterer vi til dagsleirar. Dette er eit tilbod til deg som bur i Rindal og Surnadal, er født i 2013-2016, og som ønsker å ha det kjekt saman med andre på din alder, i kristen regi. I kjent leir-stil vil det vere fokus på friluftsliv, bibeltimar, leik og moro. Vi har base på Kyrkjelydshuset i Surnadal med ei kjernetid frå 09.00-15.00, men basen er open frå 07.30-16.30 kvar dag. Vi tilbyr skyss frå Rindal kirke kl. 07.30, og er tilbake kl.16.30. Alle deltakarane får frukost, lunsj og eit fruktmåltid.

Aktivitetar: Fjelltur m/natursti    (Nordvik/Vang)
                   Tur i fjæra                 (Åsskard)
                   Dag i Idrettshallen     (Øye)
                   Aktivitetsdag på Kyrkjelydshuset
                   (Konkurransar og hobbyaktivitetar)
                   Fisketur til Vindøldalen

Vi leiger buss til og frå aktivitetane når det ikkje er gangavstand.

 

Trykk HER for påmelding. (Frist 22.juni) 
                   Du kan sjølv velge så mange dagar du vil.
                   Meir info kjem på mail i uke 30 etter at du har meldt deg på.
Pris: 200 kroner per dag. Vippsnr.121648 og kategori leir. Skriv kven det gjeld og for kor mange dagar de betaler for.

 

Spørsmål?
Ring kyrkjekontoret: 71 65 70 60 eller
Elsa Jensvold: 99 51 81 62

Helsing kyrkja i
Surnadal og Rindal

 

Tilbake